TS 2010

  • Jonas Ridderstråle
  • Harald Rønneberg
  • Anne Aasheim
  • Manuel Knight
  • Geir Haarde m/Geir Helljesen

    Program
    Viktig seminarinfo
    Påmelding
    Festkvelden
    Sponsoravtalar
    Tempoprisen
    Arrangør
    Hovedside

    Generalsponsor

    Hovedsponsor

  •    

    Temposeminaret feirar 10 år med eit strålande program!

    Gjennom 10 år har føredragshaldarar på Temposeminaret gitt publikum lærerike og inspirerande føredrag.

    Temposeminaret er det største inspirasjonsseminaret for næringslivet i Sogn og Fjordane, og har opparbeidd eit ry som eit av dei beste inspirasjonsseminara i landet – det viser både tilbakemeldingar frå publikum og frå profilerte føredragshaldarar. Kring 400 deltek på Temposeminaret kvart år. Temposeminaret er ein glimrande arena for relasjonsbygging og bedriftsinterne tiltak som teambuilding, styremøter, jubileumsferingar med meir.

    Som 10-års jubilant kan vi by på nok eit seminar i toppklasse – fredag 22 oktober i Florø. I år er vi særleg glade for spennvidda i dei ulike føredraga, og kan presentere føredragshaldarar som haustar topp tilbakemeldingar frå publikum – både nasjonalt og internasjonalt. Vi tek også eit skikkeleg løft når det gjeld den årlege, tradisjonelle banketten og festkvelden etter seminaret.

    Temposeminaret handlar om vekst, utvikling, framtid, marknadsføring, kreativitet, hardt arbeid, erfaring, motivasjon, kommunikasjon og relasjonsbygging… kort sagt; suksessfaktorar i livet – og næringslivet. Finst det ei ”oppskrift” på kven som klarar seg best? Og kva ingrediensar må til i denne oppskrifta? Det er dette våre føredragshaldarar har erfaringar og meiningar om.

    I 2010 går Temposeminaret av stabelen fredag 22 oktober og føredragshaldarane er:

    • Jonas Ridderstråle
    • Harald Rønneberg
    • Anne Aasheim
    • Manuel Knight
    • Geir Haarde m/Geir Helljesen

    I tillegg feirar vi 10-års-jubileet med ein forrykande festkveld med Norges mest populære programleiarar som festleiarar; Thomas Numme og Harald Rønneberg. Den prestisjefylte og fylkesdekkende næringslivsprisen, Tempoprisen, blir delt ut av vår generalsponsor, Sparebanken Sogn og Fjordane, under seminaret. Ut i september kan du lese meir om prisen og nominasjonar på www.ssf.no.

    Vi reknar med stor pågang etter billettar til årets Temposeminar, og oppfordrar til å vere tidleg ute med påmeldingar.

     

     
    Tempomopeden står som symbol for Temposeminaret, fordi den blei ei suksessrik merkevare gjennom kreativ originalitet i si tid. Samstundes står den for framdrift, styring, mål; - næringsutvikling. I kva retning og i kva ”Tempo” skal vi køyre?

    vd ©